Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder

I Aust-Agder har dei ti kommunane med rett til konsesjonskraft saman med fylkeskommunen eit felles fond for forvalting av konsesjonskraft. Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder (KAA) vart etablert i 1984, og er eit eineståande samarbeid i norsk samanheng. Når fleire står saman, kan vi byggje lokal kompetanse og få betre høve til å påverke vilkåra for forvalting av desse viktige ressursane.

Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder arbeider for å sikre gode, stabile inntekter og grunnlag for utvikling av næring og infrastruktur i vår region. Vi har ei rekkje eksempel på at desse inntektene er svært viktige for regionale prosjekt.

På denne sida er det mogleg å lese om ordninga med konsesjonskraft og bli kjend med eksempel på prosjekt der konsesjonskraftmidlar har ført til vekst og utvikling.

Konsesjonskraftfondet for Aust-Agder IKS
Tlf.: 37 93 75 03/37 93 75 01

Epost: post@kaaiks.no